|
| |
| Gi oss esperanto på NTNU! |
 Til: NTNU Vi vil ha esperanto som emne på NTNU!
Esperanto er eit språk som verkeleg høyrer heime på eit teknisk-naturvitskapleg universitet som samtidig har språklinjer.
Esperanto er eit nøytralt språk som kanskje særleg nyttast blant akademikarar. Det er enkelt å lære seg, og er følgjeleg eit språk ein faktisk kan rimeleg godt etter berre to intro-fag (det som på NTNU heiter 0501- og 0502-fag).
Dessutan er esperanto utmerka når det gjeld å lære språk. Folk som har hatt eitt år esperanto og tre år fransk kan fransk betre enn dei som har hatt berre fransk i fem år. Sånn kan faget vera eit sjakktrekk for alle som går språklinjer å ta tidleg i studiet...
Det er dessutan det mest egna språket for alle som driv med datalingvistikk, og eit ypperleg perspektivemne for alle gløshaugarar som slit litt med å finne noko som freistar.
Vi er overtydde om at NTNU utan store problem kan fylle ein klasse om dei sett opp esperanto som emne. Gi oss sjansen!
Registrert av: Mads Opheim, Mads Opheim/Elias Aamot [00:43 10.03 2009] Les mer på esperantontnu.wordpress.com |
Oppropet "Gi oss esperanto på NTNU!" ble opprettet av Mads Opheim[fra Mads Opheim/Elias Aamot]. Det er rettet mot NTNU. Oppropet er
gjort gratis tilgjengelig på www.opprop.no, som vedlikeholdes
av Dagbladet.no. Det er
likevel Mads Opheim som står ansvarlig
for ytringene du ser på denne siden. Dersom innholdet bryter med
våre
spilleregler, forbeholder vi oss retten til å fjerne
oppropet uten varsel. Tips oss om
misbruk.
|
|